Kjekt å vite om Fingerfestivalen
Kva i all verda er dette for noko?
Kven
Vi er ein gjeng med utspring frå gatene i Italia, som har vakse seg mannsterke til tolv personar. Eit dusin med andre ord, og ja, det er blanda egg. Nokre er store, nokre små, nokre runde og nokre lange. Erlend, Hanne, Maja, Henning, Sebastian, Bertine, Lotte, Åsmund, Anton, Ane, Andrea og Elias har vispa seg saman for å lage ei skikkeleg eggerøre til deg i påska.
Kvifor
Vi ville gjere noko nytt, og rømme frå oslofolket som sakte, men sikkert, tok over Leirvassbu, og difor skapte vi Fingerfestivalen. Kvifor Fingerfestivalen? Jo, Standalhytta ligg i direkte linje under det verdskjende fjellet Fingeren. Du har kanskje høyrt om sjokoladen Toblerone? Då kjenner du Fingeren, og velkomen skal du vere.
Korleis
Det er ikkje berre berre å skape fest til fjells åleine, då treng ein vener. Flaks for oss, fann vi ut at vi hadde rundt femti fantastiske vener mellom oss, som alle ville vere med på å skape påskefeiringa av eit liv. Lat det bli sol, sa Gud på den sjuande dagen, og sol vart det.
Praktisk info
Overnatting på Standalhytta
Standalhytta er base for helga. Hytta ligg i Ørsta, rettare sagt på Standaleidet på 400 moh. Hytta har kjøkken og oppvaskmaskin, dusjar, toalett, felles badstue og parkering. Hytta har også mobildekning. Nærmaste matbutikk vert i Ørsta.
Det er nok senger til alle, og det ligg ei dyne og ei pute i alle senger. Alle må ha med eiget sengetøy og laken. Alternativt kan ein bruke lakenpose/sovepose. Meir informasjon om romfordeling kjem på sikt, men det vil i utgangspunktet bli delt i jente- og guterom.
Det er både tørkerom og skibod på hytta. Tørkerom er første rom til høgre gjennom austinngangen. Skibod er ved parkeringsplassen aust for hytta.
Om du vil lese om hytta, så finn du det her: Standdalhytta
Mat
Frukost og lunsj ordnar alle for seg sjølv. Det vert derimot servert lokal og kortreist mat både fredag, laurdag og søndag. Catering tek seg av middagsmaten, så du kan konsentrere deg om tur og fest – det er sjølvsagt inkludert i påmeldinga. For at opphaldet skal vere så hyggelig som mulig, set vi stor pris på om folk bidreg når det kjem til rydding/oppvask av middag! Vi kjøper inn felles div som smør, krydderiar og kaffe.
Pakkeliste
- Skiutstyr
- Sengesett (dynetrekk, putevar, laken)
- Mat og drikke for frukost/lunsj
- Snacks
- Egen alkohyl
Festivalområdet
Festivalområdet er i grunnen heile Sunnmøre, men basen er rundt Standalhytta. Det er alle sitt ansvar å ta vare på den flotte hytta og området rundt. Det betyr å rydde etter seg og bruke hovudet, sjølv om det er lov å miste det litt utpå. Du er ansvarleg for eiga oppførsel og eigne handlingar.
Transport
I motsetning til andre mindre og større festivalar er parkering hos oss gratis. Det er ein stor parkeringsplass, men det er supert om folk samkøyrer. Vi lager derfor ei carpool-løysing, der ein kan melde frå om ein har ledig plass til ein passasjer eller to. Det viktigaste er uansett at du kjem deg til festivalen innan rimeleg tid. Det er inga elbilladar, næraste er i Ørsta.

